Det skulle du sett – Gamle bilder Ulstein

Vi i Fantastiske Osberget har i mange år leita opp, funne fram og skanna bilder som vi har delt med alle på Facebook og då fortrinnsvis på Facebook-gruppene: Gamle bilder i Ulsteinvik og Fantastiske Osberget. Desse bilda vil vi saman med fotografane dele med dykk i denne boka vi har kalla ”Det skulle du sett - Gamle bilder Ulstein”.
Vi har teke kommentarane frå Facebook og lagt dei til kvart bilde i boka. Vi har gjort eit utval av kommentarane. Dette er ikkje eit oppslagsverk, men heller ei bok som du kan kose deg med over ei tid som var. Og gle deg over alle dei flotte bilda som lokale fotografar har stått for og som brukarane av Facebook har kommentert. Kommentarane har vi valgt å gjengi mest mogleg slik dei har blitt skrive.