KONTAKT
 
 
 
Meny
 
 
 

Fantastiske Osberget

Telefon: 70 00 90 90
E-post: post@osberget.no

Kontakt ein tilsett direkte

 

 

Kontakt oss for eit
uforpliktande møte! 


Kyrkja i Ulstein - eit ankerfeste i tida.
Kyrkja i Ulstein - eit ankerfeste i tida.

Kyrkja i Ulstein - eit ankerfeste i tida

Over kyrkjedøra vår rita kyrkjebyggarane i si tid inn ord frå Salme 100: Gå gjennom hans portar med takkesong. I 170 år har folket gått gjennom portalen med desse orda. Somme gonger med takk over eit nyfødd barn i armane. Andre gonger ein kvit flokk av konfirmantar i finstasen og utvaksen dåpsklednad.

Slik innleiar sokneprest Margit Lovise Holte i forordet til jubileumsboka for Ulstein kyrkje. I 2019 er det 170 år sidan kyrkja blei reist ute på gamle Ulstein kyrkjestad. I 1878 blei kyrkja flytta til Ulsteinvik sentrum. Jubileumsboka er på mange måtar like mykje ei fortelling om Ulstein kommune som om kyrkja. Innbyggarane i Ulstein har eit sterkt forhold til kyrkja og kyrkjelivet vever seg inn i dagleglivet til innbyggarane. 

Det er Asle Geir Widnes Johansen som har forfatta boka og fotograf Cecilie Hatløy har stått for dei illustrative bilda og bilde av inventaret. Osberget har hatt ansvaret for oppsettet. Margit Lovise Holte og Magne Grimstad jr. har vore redaktør for boka. I tillegg har Britt Opsahl Myrene frå Ulstein kommune, Annelise Kleven Godø frå Ulstein sokn og Inge Håkonsholm frå Ulstein historielag site i redaksjonsnemnda.

Du kan kjøpe boka her.

Fleire prosjekt

Fantastiske Osberget    |    70 00 90 90    |    post@osberget.no